Det må til

For knapt ei veke sidan la eg inn eit bilete av to plastsekker fulle av plast. Min hardaste kritikar seier eg skulle fotografert dei i overskya ver, ikkje i solskin. Men kven bryr seg vel om to plastsekker? Eg vart likevel ikkje kvitt tanken på den påstått fatale bommerten, så for to dagar sidan var eg på plass att med kamera. Som ved eit mirakel var det to plastsekker der, pluss ein tredje. Og det var overskya. Denne gongen stod dei svært ulagleg til, mellom ein konteiner og ein palle med anna avfall. Eg gjekk inn i næraste butikk og spurde om eg kunne få flytta sekkene ti meter til venstre, og setja dei på plass att etter fotograferinga. Ja, meir enn gjerne, og hvis eg ville kunne dei henta trucken og flytta pallen. Det trong dei ikkje. Så var det (som vanleg) ned på kne med trafikken støyande rundt meg. Og difor vert det ein reprise her – pluss litt skyer i ein gravemaskingrabb.