Det frydefulle

På Dyrólaey på sørenden av Island vert eg overmanna av det eg ser. Havet breier sine store kvite teppe over den svarte lavasanden. Store formasjonar av den vulkanske bergarten basalt heng over hovudet mitt utan å ramla ned. Menneska vert små her, og både vaksne og born frydar seg. Det inste av stranda er full av havslipte runde steinar. Her blir det sett opp små vardar tett i tett ved hovudnedgangen til stranda. Katharina har brukt mykje tid og mange steinar på å skriva namnet sitt i den kontrasterande sanden. Du kan kalkulera kor langt inn bølgjene strekker seg, og stå akkurat der sjøen når støvlesnuten din. Neste gong du prøver det same vert du kanskje våt langt oppover leggene. Så omfamnar ein kvarandre i pur glede over den store opplevinga.

I eine enden av Dyrhólaey stikk det ut eit høgt nes som er gjennombora av eit stort hol. I havet utanfor ligg fleire store basaltformasjonar.