Der isen går til havs

Jökulárslón er ein av dei store attraksjonane på Island. Breidamerkurjökull er ein arm av den store Vatnajökull som bokstaveleg tala går til sjøs. Breen kalvar i ei lagune. Dei majestetiske isformasjonane slepp ikkje ut før dei har smelta seg små nok til å koma ned den svært korte elva til havet.

Ved Jökulsárlón tømer buss etter buss sine lass av turistar. På stranda ventar eit amfibiefartøy på dei som vil ta turen inn mellom isen. Isen er også populær som bakgrunn for reklameopptak. Masseturismen er ikkje så påtrengande i september, så eg har ikkje kjensle av å gå i kø. Den dagen me var der, og kanskje også andre dagar, hadde hundrevis av makrell køyrt seg på land og låg daude eller gispande på sanden, både ved sjøen og i ferskvatnet i lagunen. Eg fekk inga forklaring på fenomenet, og såg heller ingen som tok risikoen på matauk. Bitar av breen duppar i havet eller ligg spreidde på dei vide strendene.