Der freden har senka seg

Óli Ben strikkar. Han er ein av dei som har vore lengst i økolandsbyen Solheimar, ein heimstad på Vest-Island for psykisk utviklingshemma. Sesselja Hreindís Sigmundsdóttir grunnla Solheimar i 1930. Då var ho 20 år. Byen vert driven etter antroposofiske prinsipp og er langt på veg sjølvberga med slikt som kan dyrkast. Óli Ben og dei knapt førti andre innbyggjarane har eit rikt tilbod av aktivitetar. Kva Ó strikkar på, veit eg ikkje, men mange andre skaper både tre- og todimensjonal kunst.

I landsbyen er alle skilt skorne i tre, for hand, som dette røykefri-skiltet. Kyrkja i Solheimar er ei lise å koma inn i. Ikkje ein lyd høyrest om du sit der einsamkomen. Altartavla er av tova ull, og utvendes tak er laga av drivtømmer.

Solheimar har gjestehus, kafé, butikk og symjebasseng med varmt grunnvatn. Eg og reisefølgjet, som dei einaste, dreiv stille omkring. Berre eit italiensk par stakk innom med sine nettbrett og mobiltelefonar for å fotografera. Solheimar ligg ikkje så langt unna Geysir-området og det gamle bispesetet Skálholt og er vel verdt eit besøk.