Den vakraste

Det finst mektigare fossar på Island enn Skogafoss, men ingen så vakre. Med sine 15 x 62 meter dannar han eit rektangulært teppe mellom det bakkete innlandet og slettelandet under seg. Vatnet renn vidare som ei brei roleg elv ut i havet ikkje langt unna-

I fotobøker og -blad er Skogafoss ofte attgjeven som ei mjølkekvit sløra flate i svarte omgjevnader; eit uttrykk som ofte vert kalla 'fine art'. Eg hadde ikkje stativ med, og kan difor ikkje visa fossen på den måten. Ikkje ønskte eg det heller. Som vanleg vrimla det av turistar. Eg hadde kjempeflaks som på dette biletet slapp unna med dei to figurane som danner målestokken for fossen.

Det er bygt trapper opp dit fossen stuper utfor, og naturen kan ikkje dy seg for å plassera ein merkeleg lavafigur halvvegs oppe. Islendingane kan forresten ha ein merkeleg estetisk sans. Den kombinerte country- og cola-wagon står midt i nasjonalheilagdomen, og burde vore fjerna.