Den rosa skya

På internett finst det ei eiga veneside for skyer; cloudappreciationsociety.org.

Ein av pilarane i manifestet deira er: «Me trur at skyer er for drøymarar, og og at deira kontemplasjon (under skyene) er velgjerannde for sjela. Sanneleg, alle som er opptekne av skyer og korleis dei formar seg, vil bruka mindre pengar hjå psykologen.»

Denne velgjerande rosa skya kom eg over – eller den kom over meg – på ein av kveldsturane  mine langs fjorden. Det var ingen andre skyer der. Ho segla langsamt avgarde og det var stille kring meg. Det var berre ho og eg. Det var mi sky. Eg sto roleg og såg ho endra form og farge etter kvart som sola mista grepet. Så vart ho borte, oppløyst, på høgre side av panoramaet. Der sparde eg ein tur til psykologen.

Det andre fotoet har også (for meg) noko meditativt over seg. Skumringa og regnet er ingen god kombinasjon, så då hjelper det med ein pararply.

Dunkelt er også det siste fotoet; eit forsøk på skogsinteriør. Eg kjem til å oppsøkja denne skogen fleire gonger, i von om at noko fint skal skje.