Dei stel som ramnar

Kunstnarar låner og stel både frå kollegaer og andre. Det var ikkje Duchamp som laga pissoaret han vart kjend for. Picasso lanserte kubismen og fekk straks tilhengarar. I mai var eg på guida omvising på Astrup Fearnley Museet for moderne kunst. Som fotograf slo det meg kor lett det er å utnytta andre sine foto til eiga vinning.

Den frekkaste eg kom over var fotograf Ida Ekblad, som ganske enkelt har forstørra eit framsidefoto i GQ Magazine og trykt ei rosa tyggisklyse midt i det høgre auga til modell Jessica Simpson. Den svært flinke guiden vår sa rett ut – med ein viss fryd – at dette er hærverk. Eg skal ikkje prøva å tolka biletet, men truleg har Ekblad irritert seg over den lettvinte omgangen med militære tekstilar og symbol og eit smilande andlet i ei tid dåUSA var i krig (Irak).

Richard Price har gjort noko tilsvarande. Han har avfotografert ei annonse for sigarettmerket Marlboro, fjerna annonseteksten, forstørra biletet, og gjeve det ut som sitt eige. Det friske livet til cowboyen står i sentrum, utan tilknyting til den livsfarlege tobakken. Korkje Prince eller Ekblad har kreditert opphavspersonane til originalfotoa.

Det har heller ikkje Eduardo Arroyo gjort, som i eit oljemaleri (1973) har tatt grunnstammen frå eit kjent foto av Henri Cartier-Bresson frå 1932. Arroyo var ein figurativ malar, som her, i protest mot det abstrakte, har fjerna alle menneskelege trekk i det eine andletet.

Det siste biletet byggjer på eit foto frå 1950-talet. Eg trudde det var eit foto, men Karl Haendel teikna dette lokomotivet med blyant i 2008 som ein hyllest til gamle handverksteknikkar.

(Bileta i denne serien er tatt i utstillingssalar. Difor førekjem det her og der refleksar av andre ting i romma.)