Dedikert fotograf

Akureyri har eit triveleg bymuseum der det vert lagt stor vekt på bevaring av eldre foto. For publikum er det mellom anna innreidd eit gamaldags fotostudio der ein kan kle seg ut og fotografera kvarandre. Denne islandske jenta poserte villig, men var usikker på kva andletsuttrykk ho skulle bruka.

Den store fotosamlinga til museet vert forvalta av Hördur Geirsson. Han har spesiell interesse for storformatkamera, og byggjer dei gjerne sjølv. Han brukar glasplater («film») opp til 18 x 24 cm. Her er han med glasplate og kamera på flyplassen. På neste bilete er ei kvinne klar for fotografering. Attom seg har ho eit stativ med nakkestøtte så ho kan halda hovudet roleg under den lange eksponeringa. Desse to bileta er fotograferte frå ein video vist på museet, og kvaliteten er difor mindre god.

Eg snakka tilfeldig med ein svenske på gata, og fekk greie på at det om kvelden skulle vera stor nordisk folkemusikkonsert i byens kulturelle storstove, Hov. Det var ei triveleg oppleving, men med litt for mange talar på engelsk. Eg prøvde å påverka den islandske kultuministeren telepatisk, men forgjeves. Har ein eit manus, så skal alt lesast opp. Før dørene opna var det islandsk ringdans i gangen, eller hallen/foajeen som det no heiter.