Dårleg ver bra?

– Til dårlegare ver, til betre bilete, seier den verdskjende finske fotografen Pentti Sammallahti. Det er med dette som med alle andre sitat av kjende fotografar; ta det med ei klype salt. På den andre sida – det er verdt å prøva. Så eg reiste til ein av mine yndlingsstader. Det var yr i lufta. Kanskje blir det bra når eg har vore ute mange fleire uversdagar, til ulike stader. Det må då vera noko i påstanden til Sammallahti.

Når eg reiser på Austlandet eller i Sverige ser eg ofte vakre bjørker. På Vestlandet er dei fine på ein annan måte. Det er meir spor av eit tøft liv. Nokre stader står dei einsame og spinkle att etter at granskogen er hoggen. Eg ønskjer meg fleire bjørker.

Det trengst innleigd mannskap til tiidsavgrensa arbeid i næringslivet. Det kallast gjestearbeidarar. Som oftast bur dei i brakker. Det er ein del slike i landsdelen min. Arbeidarane reiser når arbeidet er gjort. Brakkene blir ståande eller flytta. Kanskje er dei tenkt brukte på nytt. Fleire stader har eg sett forfallet kome så langt at renovering ikkje løner seg. Eg kunne budd i ei brakke om eg hadde vore åleine. Er ho god nok for ein gjestearbeidar bør ho vera god nok for mange andre òg.