Coventry? Nei

(Island 5 )

I september 1940 vart katedralen i Coventry, England, øydelagd av tyske bombefly. To månader tidlegare vart Akureyri kyrkje vigsla, med glasmaleri i koret henta frå – ja, katedralen i Coventry. Det heng ikkje på greip, men påstanden har stått der heilt til BBC i haust undersøkte saka. Glasmaleria  er ikkje frå Coventry, men dei er frå England, og dei er fleire hundre år gamle. Gåta er enno ikkje løyst.

På sideveggene i Akureyri kyrkje er det glasmaleri av kjende, religiøse islandske menn (ingen kvinner). Ein av dei er Jon Arason, den siste katolske biskopen på Island. Han kjempa med nebb og klør mot protestantismen. Som katolsk biskop var han bunden av sølibatet, men Island ligg langt frå Rom, og Arason hadde ein skokk med ungar som støtta han i kampen mot den nye trua. Ei av døtrene samla tilmed ein liten hær mot fiendane til faren, men det kom ikkje til strid. Arason og to av sønene vart halshogde utan lov og dom i 1550. Arason hadde eit sterkt nasjonalt sinnelag. Etter sin død vart han hylla som martyr og helt.

I Akureyri, som på fleire andre stader på Island, veks det overdimensjonert marikåpe (alt er relativt) Og den Suzuki'en, tja.

Akureyri er nest største byen på Island utanfor Reykjavik-regionen. Ca. 17000 innbyggjarar.