By- og fyrvandring

Forundringa er stor over alt ein kameraprodusent puttar inn i eit kamera. Funksjonar eg ikkje har bruk for, og som sikkert gjer apparatet dyrare enn nødvendig – til dømes video. Fleire enn eg har truleg ønskt seg noko enklare. Det har den tyske kameraprodusenten Leica tatt konsekvensen av. Det siste kameraet deira er utan både utan skjerm på baksida og video. Hurra? Prisen: ca 60.000. Takk og farvel.

Nokre slentrefoto frå vandring i ein liten by, Leirvik. Solskinet og ein benk å sitja på er det viktigaste. Fotograferinga kjem i andre rekke. Likevel er blikket skjerpa.

Eit par glimt også frå Ryvarden fyr, på grensa mellom Hordaland og Rogaland. Løvetann slår rot over alt. Flott. Snakk ikkje stygt om løvetannen!