Årets siste snø

Den kjende britiske reportasjefotografen Don McCullin seier til avisa Guardian at folk ikkje lenger kan stola på eit foto etter den digitale revolusjonen. Dagens fotograf kan lettare endra eit foto samanlikna med tidlegare tiders fotograf.

Men dei dreiv med fusk og fanteri også i den analoge tida, og dagens fotograf kan på si side levera dønn 'ærlege' bilete, kva no det måtte vera. Eg gjer begge delar, alt etter kva som gagnar mi eiga oppleving. Det er ein tilsynelatande evig debatt om kor grensa for det anstendige går, og det vert sett ulike krav til ulike sjangerar. Det finst profesjonelle fotografar som har mista stillinga si etter å ha tukla med originalopptaket.

Det første motivet nedanfor er fotografert frå bakkenivå. Med kamera i 'normal' høgd ville fleire forretningsbygg ha vist i bakgrunnen. Det kunne det like gjerne vore tatt på Nordpolen slik det står fram her. Elles er det ikkje noko hokus-pokus med serien. Bymiljøet er i Bergen. Golfarane er fotograferte på Stord 4. mars. Dei held det gåande heile vinteren.

Det er årets siste snø (før jonsok) som er tema her, og eg lovar det er siste gongen.