Årets motefarge

For ei tid sidan fekk eg melding frå nokon som hadde sett rosa siloballar. Eg reiser langt for ein rosa siloball; eg var med andre ord i fyr og flamme. Etter kvart er dei blitt nesten like vanlege som kvite siloballar, men eg vil no likevel ha nokre av dei i samlinga mi. Poenget er at bønder som brukar rosa balleplast betaler ein viss del av kjøpesummen til aksjonen mot brystkreft. Så her stiller bøndene ut det gode samvetet sitt.

Har ein først fått auga på rosa, så ballar det på seg. Eg ser rosa over alt. På 34-bussen i Oslo smyg eg fram kameraet for å fanga ein raud sandal. Ved T-banestasjonen ved Nathionaltheatret sit ein mann med rosa hatt, og på stranda ein stad på Stord ligg det ei rosa klesfille. Men han må vel gje seg, denne farsotta òg.


3 responses
Eg tenkte på deg eg og når eg såg dei rosa ballene i år, så tenke eg igjen at det er unødvendig å be deg til noke så opplagt. Og ikkje er det eit lokalt fenomen heller, det er jo over alt. Men til bildene, dei rosa ballene gir eit farge spill i kombinasjon med klar sol og blå himmel, som fascinerer med farger frå kvitt rosa til blå lilla, som visses tydelig i det fyrste bilde.
2 visitors upvoted this post.