Aldri så galt…

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko. For eit par dagar sidan gjekk eg på tryne i ei steinrøys. Objektivet på kameraet vart øydelagt. det viste seg at kamerraet fungerte med eit anna objektiv, der største blendar var 1,8. Det er ein vedunderleg blendar. Dagen etter fotograferte eg med berre denne blendaropninga. Det nyttar ikkje når alt skal vera skarpt, men stundom skal det meste vera uskarpt.

Bjørker er eg svak for. Det er langt att før eg har det optimale bjørkebiletet. Vegen blir visstnok til undervegs.

Leikeplassar er kjekke også for fotografar med f. 1,8