Kniplingen på Seljaland

Seljalandsfossen på Sørvest-Island er majestetisk, men manglar den pondusen som Skogafoss har. Lange periodar utan regn gjer fossen kniplingsaktig og slingrete i vinden. Det er det vide landskapet i kombinasjon med fossen som skaper opplevinga. Og så kan ein gå bak fossefallet. Også her veltar turistane ut av bussen; eg kjenner dei att frå attraksjonar lenger aust. Det er nesten så eg får lyst å seia «Hei, kjekt å sjå deg att!»

Fotografisk er det uråd å få eit skikkeleg portrett av fossen når så mange menneske vrimlar omkring. Eg resignerer og byrjar å slå saman foss og turistar på bileta. I gamle dagar kunne ein turist spørja om eg kunne ta bilete av han saman med ein attraksjon. No ordnar dei det sjølve. Det kallast visst selfie.

Det står att tre innlegg frå Islands-reisa. Så er det slutt.