14. nov. 09. Plimsoll og kvinner

Vedkubbar byd på interessante motiv, men i ein blogg kan det bli i meste laget. Difor sper eg på med litt kvinnemote. Det første motivet førde tankane til Samuel Plimsoll. Han var ein engelsk parlamentsmedlem som var uroleg for dei mange skipsforlisa med tap av både mannskap og materiell verdiar. Difor fekk han innførd ei merkeordning for kor mykje eit skip kan lastast. Merket står i vannlinja på skipet og er gradert alt etter kva farvatn skipet er i; tropisk, sommar, vinter, nordatlantisk, ferskvatn. Dess larve-gangane i ei gran minte mykje om plimsollmerket som framleis er i bruk på mange skip. Øksa har kløyvd kubben midt i larvegangen, som er 4 cm lang.

Det tomme forretningslokalet vart spontan-fotografert same dag som bloggen vart skriven. Modelldokka til venstre og plakaten til høgre er spegla frå veggen bak meg. 'More Woman' logoen irriterer meg. Er det eit merke for fyldige kvinner, eller for at kvinner som ifører seg desse plagga skal kjenna seg meir kvinnelege? Eg er tilbøyeleg til å påstå at klede ikkje skaper folk. Det er det som er innafor kleda som skaper folk.

Så følgjer noko eg trur er merke av andre larver, denne gong i bjørk. Men larver kan eg lite om.

Små vedfliser kan også vera vakre. Eg kjenner meg nesten som Askeladden når eg finn slikt, og tar vare på det endå eg ikkje har noko prinsesse og halvt kongerike å vinna.