Vandring i utmark

I flaumen av foto dukkar det stundom opp noko som gjev impuls til eige arbeid. Såleis har eg fått mani for grindar. Dei er sjeldan vare i vår tid. Held eg på lenge nok sit eg kanskje att med ti gode grindar. Alt har eit metningspunkt. Denne grinda står på Tysnes.

Nokre bilete kan planleggast i dagevis. Andre varer berre nokre sekund. Eg ville kanskje ikkje tatt vare på motiv nummer to hadde det ikkje vore for anda nede til høgre. Det er eit mørkt og dystert foto, men eg har sett det mørkare enn dette. Fuglen gjer det heile litt fredfullt. Her er eit stille liv trass i at skogen er fjerna. Det er trasig å gå i terreng der hogstmaskiner har herja. Her er det lett å snubla og i verste fall skada seg. Slikt terreng kan likevel gje opplevingar som manglar på godt tilrettelagde turvegar. Eg har glede av dei lange pistrete bjørkene som skogsmaskinene ikkje har brydd seg med å fella. Dei har kjempa seg opp mellom graner, godt verna mot uver. Så er brått alle skytsånder borte, og dei veit ikkje si arme råd. I freda skog er det ingen som plagar vegetasjon. Der går livssyklusen sin gang utan motorsager. Der er eit yrande og mangfaldig liv som kan vera vanskeleg å sjå med berre auga.

Det viktige for ein fotograf (som meg) er å få vera i fred og gjera 'arbeidet' i meditativt tempo. Når eg set ned farten oppdagar eg gjerne ting som elles ville gått meg hus forbi.