Ukjende kunstnarar

Dei uventa gledene finn eg på stader utan turistar. Eg ruslar på baksida av ein yrkesskule på jakt etter skattar i avfallskontaineren. Her ligg det restar av metall som elevar har skore i. Øvingsobjektet vert kasta i kontaineren når oppgåva er fullført. Eg tenkjer det er leitt å kasta noko så fint. Eg vil ikkje bruka ordet kunst, men det nærmar seg. Eg har sett det verre. Dei som strevar med oppgåvene tenkjer knapt på kunst; utan hadde dei vel tatt arbeida med heim og hengt dei på veggen. Eg fiskar nokre metallbitar opp av kontainaren og tek vare på dei i kameraet.

Her ligg også nokre blokker og plater av aluminium. Heller ikkje desse er meinte å vera til inspirasjon for ein fotograf som tilfeldig dukkar opp. Blokkene er tunge å flytta på, så eg må leita etter dei beste vinklane slik dei ligg, og prøva å få ein god komposisjon av form og valørar.