Uansvarleg

Det er fint å vera uansvarleg av og til, i den forstand at eg i nokre timar berre gjer det eg lystar utan tanke for kva andre måtte meina. Slik er det å flanera i solskinet med kamera, utan noko bestemt mål. Så dukkar det alltids opp eit eller anna – eller ikkje. Det er sagt om forfattaren og filosofen John Powys (USA) at han var velgjerande fri frå begjæret om for ein kvar pris å vera original. Tenk det, i vår tid, der snart einaste kravet til kunstnaren er originalitet.

Brené Brown skriv i boka «Uperfekt» at å presentera kunsten vår, skriveria våre og fotografia våre for verda utan nokon garanti for at dei vil bli aksepterte eller verdsette – det er også å  vera sårbar.

Her eg vandrar i solskinet oppdagar eg fort at den avslappa stemninga eg var ute etter, snart vert blanda med konsentrasjon og søking. Det er alltid noko lite eg ikkje har sett, eller verdsett, før. Dermed blir det litt å ta med seg heim. Det er stemning, sjølv i stål og anna metall. Kor mange pizzaer har vore steikte på dette steikebrettet?Let det seg gjera å få det reint att? Ser for meg ein hybel for ein einsleg mann, kanskje eit pokerlag. Me har alle våre steikebrett der me set spor etter oss.