Til solnedgangens pris

Gjestefotograf: Lars E Bø.   Kommentar: Olav Bjørkum

Solnedgangen er eit sensibelt punkt for mange fotografar. Altfor banalt til å befatta seg med, meiner nokre. Lars E. Bø kastar seg over fine solnedgangar utan å bry seg om kva som er mote  til ei kvar tid. Eg gjer det same sjølv, når eg får sjansen. I politikarspråket heiter det at «eg er audmjuk overfor…», men kan ein bli meir audmjuk, og liten, enn i opplevinga av ein vedunderleg solnedgang? Ta det til deg, og bruk kamera. Når eg ser alle solnedgangane som kjem på trykk på lesarsidene i lokalavisa, så kan eg forstå at sjangeren er i miskreditt. Men det du ser på eit lite, overarbeidt og dårleg trykt foto er milevidt frå det du sjølv opplever i naturen, og truleg kan du sjølv, med litt varsam bruk av verkemidlar, skapa noko fint i etterkant.

Dei to bileta her er ikkje tradisjonelle solnedgangar. Bilete nummer to, med regnet som slører solstrålane, er så minimalistisk og stillferdig som det kan få blitt.