Tamhjorten

For 17 år sidan flytta me til utkanten av kommunen. Her er det god plass og avstand mellom husa. Ville dyr var sjeldan å sjå, eitt og anna fotefar oppi skogen, ein hare hoppa ein gong rundt huset. Hjort såg me aldri. Den var sky og oppførte seg som hjortedyr flest, med respekt for Homo Sapiens, det mest farlege rovdyret på landjorda.

På desse åra har det skjedd ein hjorterevolusjon. Eit sky og vilt dyr har utnemnt seg sjølv til vår tredje beste dyreven etter hund og katt. Hagen har vorte eit naturleg habitat. Midt på lyse dagen står den og tygg i seg blomelaukar, roser, plommetre og alskens knoppar. Snakkar nokon hardt til den og ber den dra seg heim att opp i skogen, glor den med mørke uutgrunnelege auge og et vidare.

Har det skjedd ein genetisk mutasjon? Redselen for mennesket er vekke. Dyret har skjøna at det moderne mennesket finn kjøtet sitt i frysedisken på Rema. Hjorten er under statlege lover og regulativ, og nyt livet.

Me har prøvd det meste. Urinering for å markera revir. Utlagt menneskehår, pliktoppfyllande oppsamla av  den lokale frisør. Billeg og sterktluktande handsåpe strategisk hengt opp i tre. Snublesnorer med skramlande bikkboksar. Men ikkje noko ser ut til å hjelpa. Det er berre ein ting å gjera, verta godven og å gje dyret kosenamn. Kva namn passar til hjorten? Kvitrompe, Kjappfot? Då kan me seia til det nybakte husdyret; if I can`t eat you, I`ll join you.