Siste kunstrunde

I det siste har eg nokre gonger harsellert over samtidskunst. No kastar eg det meste av all fotografert kunst frå arkivet mitt. Det var ikkje andre sin kunst eg ville visa då bloggen vart starta. Men ein siste runde med tre amerikanske kunstnarar, så er det slutt.

Alex Israel har for tida har fått stor plass i Astrup Fearnley Museum. Tinga hans er like glatte og tomme som den amerikanske vestkystoverklassen han prøver å skildra. Nokre av bileta viser strålande solnedgangar, rett på sak, eller med til dømes denne teksten (omsett til norsk): «Trent såg på Tara igjen, og det gjekk opp for han at klemmen han gav henne berre var ei forteljing om den moderne erotikkens fall».

Eit anna verk er ein 1:1 modell av ein softis i beger.

«HOLE IN HEAD» av Christopher Wool er eit av kunstnarens sitat frå populærkulturen. Poenget i dette verket er at artikkelen 'THE' framfor HEAD er fjerna, og dermed har Wool gjeve teksten eit eige liv som visuelt verk. Det blir vel ikkje meir eller mindre hol i hovudet av den grunn.

Dan Colen har skapt «Bogen», som eg har gjort til midt eige verk ved å sentrera ei ung kvinne med afrofrisyre blant tilskodarane rett framfor biletet. Ho vart litt overrumpla, men hadde ikkje noko i mot å stilla seg i den posisjonen eg bad om.

Museumsbesøk kan ha sine lyse sider. Når du ser på samtidskunsten er det opp til deg åleine å avgjera kva som rører deg, og kva som er keisarens nye klede. Kunsten er ikkje heilag.