Repetisjonen

Når eg med liv og lyst (kanskje også litt ulyst) går inn for eit tema, så blir bloggen prega av det. Det er grenser for kor mange grinder som er interessante, og like eins er det grenser for kor mange forfalne hus eg kan presentera. Men begge deler viser endringar i samfunnet som kan vera problematiske. Grindene står for eit agrikulturelt fenomen som er i ferd med å bli borte, og hus i forfall viser at mennesket har fått god nok råd til å la verdiar gå til helvete. Eg kjem til å leita etterer grinder og forfall ei stund til, samstundes som eg må sjå etter motiv som kan vera meir positive.

Det kan vera greitt å spe på med ein smule humor. La no ho Ulla få nyta dei få årsmøta ho har att. Sverre var ein så gild og gjæv kar i bygda at han fekk eit eige rom på pensjonatet. Då Sverre var borte gjekk det også nedover med pensjonatet.

Det siste fotoet viser ein løeruin, men det viktigaste med biletet er kontrasten med himmelen. To tema kombinert; himmel og forfall.