Prosjektglede

Den som har følgt bloggen ei stund må ha merka at denne signaturen nesten berre fotograferer skrap og rust. Likevel har eg nokre private prosjekt, mellom anna med tre søstre i skulealder som skal få kvar si fotobok om seg sjølv. Dei har gått inn i prosjektet med ein viss sjenanse, men etter kvart er dei blitt vane med fotografen, og samarbeider utan primadonnanykker. Dei er velsigna fri for jåleri, og har eit naturleg forhold til fysisk arbeid.

Sidan eg ikkje bur i same miljøet, vert det konsentrerte økter, med ei blanding av arrangerte  og spontane bilete frå fritid og arbeid. Den yngste har alt fått boka si, og det var ei sann glede å samarbeida med henne.

Under fotograferinga er det stort sett brukt blendar 1,8 og 2,8.