Opplevingar

Skildring av kunstopplevingar er vanskeleg, det beste er å prøva gjera det enkelt og vonleg personleg. Det er ei subjektiv øving som fint kan gjerast utan kunstkorrekt bakgrunn. Om interessa er der så kjem og kunnskapar.

Kunstopplevingar kan kjennast som noko fysisk. I ung alder var eg på Munchmusèet i Olso. Det var ei gripande, sterk og uventa oppleving. Å stå rett framfor Munch-maleria var inngang til ei ny verd. Kva Munch ville uttrykka tenkte eg ikkje så mykje på der og då. Kunnskap om Munch og kunstverda han levde i var og skral. Eg trur desse manglane gjorde opplevinga sterkare. Det var å ta det visuelle rett inn, utan filter.

Tom Sandberg døydde i fjor. Han var ein stor kunstnar. Fotokunstnar. Eg vert aldri ferdig med fotografia hans og lurer på kvifor. Motiva er arketypiske med få element, det er slike bilete som festar seg og ikkje slepp. Gjennom kameraet omvandla han vasspyttar på asfalten til Alice i eventyrland-hol i bakken. Dei er til å forsvinna ned i. Eit anna motiv er ein skog i skumringa, silhuettar avtegnar seg mot himmelen. Etter ei stund kjem tvilen, er det ein skog eller noko anna? Skogsilhuetten kan laga assosiasjonar til figurar og vesen. Det er å sjå og sjå.

Når fotografi verkar slik grip dei tak. Som om noko ukjend og levande har teke bustad i dette rett-fram avtrykket av røyndomen. Der er eit eller anna bakom som unnslepp forklaring. Å skildra slikt er vanskeleg, eg famlar etter orda og dei rette vendingane. Det har lett for å verta for banalt, eller blomstrande. Når bilete skal skildrast med ord og setningar er det ein motstand i språket.  Som å blanda i hop to medium som ikkje er løyselege med einannan.

Tom Sandberg