Modern Times

Ein gong, kanskje for femti år sidan, var denne tapeten på moten. Det er frydefullt, og sjeldan, å koma inn i eit slikt hus. I vår tid vert det annonsert med «Årets interiørfarge». Så kortvarig er det. Den gongen hadde dei ikkje råd til å skifta tapet kvart år. Kanskje hadde naboane tilsvarande tapet, og då følgde ein med tida. Her har huseigar gitt blaffen, utilsikta til glede for fotografen. Det som heng på veggane er også tidstypisk. Og kvifor ikkje? Huseigaren har vakse opp med dette og vent seg til det. Det er viktigare ting å bruka tusenlappane på enn ein boks off-white-maling. Til dømes nytt kamera. Hadde eg kjøpt dette huset ville eg nok ha skifta tapet straks, før interiøret vart freda. Ein ting er å vera gjest; noko anna er det å leva med det over tid. For alt eg veit er dette 'feng shui1 om ti år. Det er berre eit spørsmål om å korrigera meridianane sine.