Liten parade

Ei utstilling i The Photographers Gallery (TPG) i London kan ikkje måla seg med, og er noko heilt anna, enn fotofestivalen i Arles som Frank Biringer rapporterte frå i innlegget før dette. Men er ein først i London er eit fotogalleri obligatorisk. TPG har profesjonelt kuraterte utstillingar og ein velassortert bokhandel. Der fann eg ei bok som er ei blanding av Bibelen og ei fotobok – «Holy Bible». På eksemplaret i hylla var det festa ein lapp med 'Signed Copy'. Litt sjarmerande .

Sommarutstillinga i TPG gav mellom anna nye idear til presentasjon av utstillingar. Tanken på innramming får meg til å avstå frå å stilla ut, for det kostar flesk. Men det finst alternativ.

Jochen Lempert festar bileta tett i tett rett på veggen, utan glas og ramme. I det viste tilfellet er teknikken fotogram. Han har samla levande froskeungar i tidleg stadium, og i mørke spreidd dei på fotopapir. Papiret er så eksponert. Resultatet er forbløffande. Lempert er biolog, og nærmar seg sine tema både vitskapleg og poetisk.

Fotoa til Lorna Simpson viser ei farga kvinne som poserer anstendig i heimleg miljø. Innimellom er det foto av Simpson sjølv, og eit og anna foto av ein mann. Simpson er i sine litterære og fotografiske arbeid oppteken av situasjonen til afroamerikanarar og minoritetar. Utstillinga hennar er ei massemønstring av foto med med sterke likskapstrekk, og organisert som ein installasjon som nesten kan stå for seg sjølv.

Richard Mosse er klassisk presentert, med få men store foto. Bileta hans ligg i skjeringspunktet mellom samtidskunst og fotojournalistikk. Motiva er frå den krigsherja demokratiske republikk Kongo, der 5,4 millionar menneske er drepne sidan 1998. Det er ein tragedie som er sterkt undereksponert i vestlege media, i kontrast til Midtausten-konflikten. Mosse brukar storformatkamera og ein infraraud fargefilm som er gått ut av produksjon. Slik film er millom anna brukt av militære for å identifisera kamuflerte mål.

Alberto Garcia-Alix har portrettert seg sjølv i nesten førti år. Han viser eit hardt levd liv med frykt, nevrosar og opprivande indre kampar. Han ser ikkje på frykta som ein paralysator, men som ein følgjesvein som eggjar skaparkrafta. Dei som sit på benken ser på videoen «Herfrå er det ingen veg attende».