Kreta. Tredje og siste.

Til Kreta reiste eg saman med familien og eit venepar. Dette er nok ein vanleg måte å feriera på i Norge. Me reiser i flokk ned til stranda og hotellet, saman med familie og vener. Etter eit par dagar i nytt miljø går det seg til. Ein kjem inn den nye rytmen. Ferierytmen. 

Ikkje så mykje skjer. Ein går litt rundt seg sjøl, blir kjend i nærområdet, finn vegen til butikken, bussholdeplassen, bakaren. I Europa er det enno lokale bakarar på småplassane. På Kreta står alltid ei eldre kone bak disken og sel små og store brød til små prisar. På den lokale supermarknaden er det knapt brød, slikt er det bakaren som tar seg av. 

Men det er på stranda det skjer. På stranda og i bassenget. Dei yngste og ungdommane synes det er stas med sol og strand. Men det svarte fåret i flokken sit i skyggen med ein øl og ei bok. Og i staden for å plaska i sjøen går eg langs stranda med fotoapparatet. Lange meiningslause spaserturar langs stranda. Ser ned og leitar etter usynlege fotomotiv i sanden. Fotspor, boss, runde steinar. Eller andre badande. 

Det gjeld å komma inn i si eiga boble på desse turane, då er det svært behageleg. Eg går i mi fantasiverd, og drøymer om fantastiske fotomotiv og geniale bilete. Ikkje noko press, berre masse tid. Og varme og sol.