Kreta 2.

Fleire Kreta-bilete. Denne gongen handlar det om oss sjølve, turistane.  Me som reiser til syden for å få litt sol og varme, eta ny mat, nyta den lokale vinen. Og sidan alt er ganske billeg; Kjenna korleis det er å vera litt rik. 

Det er eit artig tidsfordriv å betrakta oss sjølve, turistane, utanfrå. Særleg når me badar. Det er på badestranda ein forstår at alle mennesker er like i sjela. All menneskelig oppførsel vert normert på ei badestrand. Strippa for det meste av skiljande klede, virrar ein rundt i varmen, finn ein plass under ein parasoll, legg seg på ei solseng. Vassar rundt, sym litt, legg seg ned igjen i sola. Dette gjeld alle, same kor i verda ein kjem frå. Asia, Europa, Amerika. 

Det er grunnleggande menneskeleg å oppføra seg slik på ei badestrand. Og av å sjå dette forstår ein at mennesket er eit flokkdyr. Og alle høyrer med i den same flokken. Med desse framande folka kjende eg eit fellesskap. Eit flokkfellesskap vil eg tru.

Eg gjorde meg desse tankane som turist på Kreta, på båttur saman med andre turistar. Der og då. Og det var på ein måte godt.