Isolert midt i flaumen

Kvifor denne trongen til å fotografera når det sviv milliardar av foto i atmosfæren. Eg blir aldri kvitt tanken på den kolossale mengda av fotografi i digital form. Og kvifor denne trongen til å fotografera det sære, det som få andre bryr seg om? Søpla, til dømes. Eg får truleg aldri svar på det. Det heng kanskje saman med lengten etter å vera åleine. Eg har sans for den engelske forfattaren Sara Maitland som reiste frå sivilisasjonen og bygde sitt eige hus i villmarka i Skottland, der ho budde i fleire år og dyrka sin eigen mat. Men eg trur ikkje ho hadde med kamera.

Eg er nett ferdig med ei bok om årets korte ferie saman med vener. To eksemplar. Førti foto, eitt på kvar side. Det er nok, når boka har privat karakter. Så drøymer eg om bøker om avfall, om siloballar, om stein og sand og berg, og om fjorden. Pluss, pluss. Skulle gjerne laga fleire enn to-tre eksemplar, men opplaget heng saman med kor mykje det til ei kvar tid er att på kredittkortet. Moro er det likevel, same kor lite opplaget er.

Dagens bilete er frå same staden som i sist blogginnlegg. Metall til attvinning. Dagens unge kunstnarar hadde hatt godt av ein tur innom slike plassar. For meg er det utfordrande å leita etter det vakre og absurde i forvridd metall, og å sjå menn stykka opp tjukt gods med sveiseflamme.