I flomålet

Gjestebloggar: Lars Bø

Mange i Noreg har sjø og strand som ein viktig del av livet. Stranda er ofte lett tilgjengeleg. Det er hit mange tar turen for å slappa av, leika og oppleva fred og ro. Sjøen har ei magisk kraft som påverkar vårt indre. Lyden av bølgjene som rullar mot strand eller brusar med stor kraft, må berre opplevast. Og det er lett å bli sitjande lenge.

Flo og fjøre gjer det ekstra spennande. Delar av landet vert vekselvis gøymt og vist fram. Samstundes har me dei speglande eigeskapane til vatnet. For den fotograferande er dette svært spennande. Sjølv vert eg dregen til stranda titt og ofte, og brukar mykje tid der. Det er alltid noko nytt å oppleva. Barneborna vil gjerne vera med.

Her har eg plukka fram nokre glimt frå året som snart er omme. Eit gamalt gjerde som veks og søkk i sjøen, og like ved ligg 'gullklumpen' som dukkar opp ved fjøre sjø. Ein kai viser seg fram med pålar og algevekst. På ein båttur langs stranda dukkar 'Atlantis' opp. Ved svaberga fløymer ålegraset utover sjøen.