Før og etter

Den varme årstid har mellom anna gått med til reiser til Røros, England og Island. Frå alle tre stadene har eg lagt ut litt foto på bloggen. Fleire vil bli viste, men det er så mange bilete som skal veljast ut og redigerast at det vil ta tid før fleire blir presenterte.

I mellomtida; litt rust. Du må aldri visa dine dårlege foto. Kast med hard hand, med unntak av det beste. Dette er råd amatøren ofte får. Eit anna råd er å ikkje visa korleis du er komen fram til det endelege resultatet. Det kan vera store avvik mellom original og det ferdige fotoet. For meg er det fritt fram for manipulasjonar så sant det ikkje er snakk om rein dokumentasjon og foto som vert presentert som sanning i media. Her er eit enkelt døme på endring av foto. Det gule er fjerna frå originalen av di eg tykte biletet vart sterkare då. Det er sjeldan eg grip inn i rustfotoa mine på denne måten.

Kor lenge arbeider du med eit foto? Paul Kenny fortel til Black + White Photography at han heldt på med eit foto i ni månader – om ikkje samanhengande. Men han likte ikkje resultatet, så han kasta biletet.