Feriefotografen, I

( Eg oppdagar at desse bileta var lagde ut for kort tid sidan, med ein annan tekst. Det får gå for denne gongen, men eg skal skjerpa meg!)

Forfattaren Lars Forsell siterer komponisten Stravinsky, som skal ha sagt at «musikk er musikk er musikk». Sjølv hugsar Forsell då han var på ein konsert og lytta til Beethovens sjuande symfoni med armane kring ei jente i knallraud genser. Når han seinare høyrde dette verket var det alltid knytt til minnet om den raude genseren.

Slik er det med den ferierande fotografen òg. Eg vandrar i ein klosterruin ved Vättern ein blå, varm kveld og tek til meg ei stemning som berre er mi. Det er ein fin ange av blomar og urter. Stilla er fullkomen, berre akkompagnert av litt fuglesong. Eg undrast på korleis livet i klosteret var den tid munkane rådde grunnen.

Likevel deler eg gjerne bileta med andre, som kan ha glede av dei med andre utgangspunkt. Eit bilete er ikkje berre eit bilete er eit bilete er eit bilete.