Zen og stein

Strendene på Karmøy har stor tiltrekningskraft. Eg var der for eit par dagar sidan. Eg skulle ønskt eg reiste dit av rein lyst, men tanken på det gode motiv er vanskeleg å bli kvitt, og dermed vart det ein jobbedag. Men neste gong… utan kamera…

Trass kamera var den siste turen kvile for urolege nerver. Veret var fantastisk. Smådønningane mot sanden var som dei skulle vera. Eg brukte tid både på Sandvesanden og på naboen, den vesle Mjølhussanden. Ingen andre menneske var å sjå. Det var då eg fekk kjensla av zen og japanske hagar med sine reine og minimale uttrykk. Steinane lågg nett slik dei skulle liggja. På turen attende fotograferte eg omatt ein del rosa siloballar. Sist eg gjorde det hadde dei eit stygt fargestikk av den sterkt blå himmelen. No var alt berre reint rosa og glede. Så det var ein god dag.

(Det kvite kring steinen på det siste fotoet er skummet frå ei bølgje som nett har trekt seg attende)