Visjonen

Det hender noko blir annleis enn tenkt, særleg for personar med visjonar. Eg ville ribba eit fiskehovud for kjøt og fotografera kraniet. To be or not to be. Fekk tak i eit stort hovud av arten Merluccius merluccius (lysing), kokte det i fem minutt, og dermed gjekk visjonen i dass. Hovudet var grundig demontert. Men var alt forgjeves? Eg fiska nokre bruskbitar opp frå grauten nede i gryta og pussa dei reine med tannbørste. Det fotografiske resultatet finst i ulike bearbeidingar, visuelt til dels langt frå dei små bruskbitane (5-8 cm) som eg såg på bordet framfor meg.

Medan eg arbeidde med 'prosjektet', fall eg i stavar over kva slag høgare makt eller kraft det er som formar dei ulike delane i ein organisme slik at dei best mogleg tener overlevingsevna til ein art. Dugande gjort, sjølv om knapt nokon veit svaret.