Vinter – ein gong til

I går var det 12 plussgrader ute. Midt i februar. Eg blir nesten klimahysterisk. Så eg klamrar meg til vinteren litt til, slik han er i si mest enkle, zen-aktige form. Ei veninne seier ho hatar snø. Kanskje eg òg mislikar snøen når eg går på dårleg brøytte vegar i urbant miljø og snøfnugga framleis driv i lufta og det framleis er ein halvtime før eg er heime. Men på sitt beste er snø best.

Eg står på ei bru seks-sju meter over vatnet. Tynne isflak driv sakte med ein straum som eg kanskje ikkje ville ha merka om det ikkje hadde vore noko som dreiv. Heilt stilt. Utan furuskogen som speglar seg på eine sida ville ikkje betraktaren hatt nokon målestokk. Det er ikkje isflaka i seg sjølv som fascinerer, men den sakte rørsla skapt av ei mektig kraft. Hadde eg vore poet så kunne det kanskje blitt noko bra av det.

Tømmerstokken på kaien, enno ein gong. Det viktigaste er å avgrensa motivet til nokre få element og flater som skaper ro.

Fotballmåla kviler også i sin egen fred. Dei har ikkje hatt nettkjenning på fleire år.