Ventetida

Det er ei tid for alt, også venting. Det kan vera hjå dokteren, eller i bilen før ferja kjem. Eg samlar på venterom på ferjekaiar. Det er sjelden nokon brukar dei. Denne veka fann eg ein av dei finaste – på Hjelmeland i Ryfylke. Den åleine var verd den 350 km lange tur-returen Då er ein bra sprø i knollen. Venterommet på Hjelmeland er nøytralt heilgrått. Det er ein liten vinkeltrebenk i eine hjørnet. Den sit eg på når eg fotograferer. Einaste kunstneriske innslaget er ein plastsekk med søppel i det motsette hjørnet.

På Ropeid er venterommet heilt annleis. I si tid var det ein attraksjon. Fasaden er av glas. Bakveggen er nake fjell. For nokre år sidan vart ferjesambandet Ropeid–Sand nedlagt. Ropeid er ein daud plass. Venterommet er framleis ope, til glede for tissetrengde. På doen er du omgjeven av bergveggen og svartlakkert stål. Fotoet viser fasaden som speglar ferjekaien.

Også i Ryfylke: Eg får eit glimt av eit bussventeskur. Etter eit halvt minutt snur eg bilen og køyrer attende til skuret. Det er fylt med brukte bøker. Berre forsyn deg! Inga bøsse for myntar. Har eg ikkje nok bøker heime? Jau, men åtte bøker frå eller til kan ikkje skada – frå supper og brød på dansk, til alvorleg internasjonal samfunnsdebatt.