Vandalisme

Tidsskriftet «Kunst» har i sist nummer ein omtale av landskapskunst i Hardanger. Eg vart eitrande sint. Fleire gonger har eg vandra i det vakre svabergomådet ved Mælen i Jondal. No har ti kunstnarar 'pryda' dette området med ulike installasjonar. Eg reiste ein heil dag for å sjå nærare på det eg i utgangspunktet oppfatta som det mest grelle av dei. Og grelt var det.

Ein frittliggande stein på to-tre tonn er halvvegs innkapsla i ei kappe av marmorplater. Ingeborg Annie Lindahl har kalla verket «Relight my mind». Det hadde vore meir høveleg med «Redarken my mind». Verket er prega av sjuskete handverk. Marmoren er avgjort ikkje norsk, og det er visstnok litt av poenget.

Før Lindahl gjekk til verket var steinen ei frittliggande blokk som nærast svevde på svaberget i det mektige panoramiske fjordlandskapet. Lindahl har vandalisert heile denne staden med inngrepet sitt. Ho har invalidisert steinen og påført han ein støttebandasje. Steinen har mista sin integritet.

Det er ikkje rett å tillegga naturen kjensler. Steinen anar ikkje kva som er gjort med han. Det er mennesket som kan oppleva tapet av noko verdfullt. Måtte nokon snarast fjerna marmoren!

Kunstprosjektet «Mellom Himmel og Fjord. Sjå!» har ein vegvisar for området. Teksten til Lindahl sitt verk er ubetaleleg; her i sin heilskap: « «Relight my mind» er tankar kring synet vårt på kulturlandskap vs. naturlandskap. Ein stadspesifikk intervensjon i landskapet med kopling mellom det opphøgde og det jordiske. I skjæringspunktet mellom ulike bergartar sin ibuande symbolske form og kvalitetar vert historia og mennesket sitt verdihierarki synleggjort.»

Ein annan stad i området har danske Vibeke Nørgaard Rønsbo pensla inn ei gyllen åre i bergveggen, som om gullet sprenger seg fram  gjennom gråsteinen. Det er gjort utan inngrep i fjellet, det er suverent og sublimt.