Utstillinga

Igjen viser eg fotografi i dette fine galleriet utanfor alfarveg. Lokala minner mest om eit gamalt bedehus, veggane er måla lyse. Utstillinga tek seg godt ut og eg tenkjer ikkje på om det er bra nok. Eg skal sitta her i to timar kvar dag i nokre veker. Å sitta her høyrest kjedeleg ut, men er det ikkje. Det vert rom for meditering. Livet legg seg i ein tilstand av dvale og tida renn fort. 

Eg prøver å skriva ned nokre ord. 

I vintermørket utanfor hastar skuggar forbi, travle. Eg byrjar filosofera over galleri og utstillingar. Tenker på holemaleria i Alsace, laga av eit menneske for tretti tusen år sidan. Teikningar av dyr, i lag utanpå einannan, langt inne i ei grotte. Denne mannen (av ein eller annan grunn tenker eg på han som mann) var nok ein viktig person, ein sjaman som kunne skapa magisk liv med mold og kol på ein steinvegg.

Bileta mine verkar nesten like utilgjengelege i dette galleriet som dei i grotta i Alsace, eg innbiller meg at det er litt magi her òg. For mange er slike kunstgalleri noko ein nødig vil innlata seg med. Folk har ikkje tid til slikt. Magien i liva våre er borte, overfløymde som me er av allslags visuelle uttrykk.  Det overnaturlege finn ein helst på TV. i Åndenes makt.