Utanfor støyen

Erling Kagge har skrive boka «Stillhet i støyens tid». Han veit kva han snakkar om. Han har mellom anna gåtf åleine på ski til Sørpolen. Han skriv også om den moderne rastløysa: «Jeg fortsetter å google, også tyve minutter etter jeg har funnet det jeg leter etter. Ja, jeg forstår det er en banal situasjon å befinne seg i, men jeg synes det ofte er lettere å fortsette enn å avslutte. Ja, jeg sjekker nettsteder, selv når jeg akkurat var innom og vet hva som står der. Og mister litt kontroll over livet mitt i samme slengen. Det er rett og slett ganske meningsløst».

Med dette i tankane reiser eg og ein kamerat til strendene på Karmøy. Midt i arbeidstida ein vanleg kvardag når det er minst folk der. Det er viktig å halda kjeft og å gje den andre tid til å rusla på eiga hand. Eg tek inn i meg det svake bruset frå bølgjene og følgjer skyene over himmelen. Det er som ein hypnose, som å verta reinsa innvendes for alle plagsame tankar. Det er tid for undring. Korleis kom den store steinen dit? Kor kjem all den kvite sanden frå? Det finst svar, men der og då treng eg dei ikkje.

Åkrasanden og Sandvesanden har ulik karakter, og dei byd på noko nytt kvar gong me er der. Sjølv eit sivilatorisk inngrep som to maskinbor i fjellet skaper ro og heilskap.

Kanskje googlar me når me kjem heim, men strendene har i alle fall gjeve oss eit tiltrengt pusterom som varer lenge.