Uperfekt og foranderleg

Stundom får eg lyst til å sitera noko av det eg har lese, i den tru at det har relevans for fotografiet. Til dømes frå boka «Uperfekt» av Brené Brown: – Pefeksjonisme er ødeleggende, simpelthen fordi det perfekte ikke eksisterer. Perfeksjonisme er et defensivt trekk.

Det hender ein lullar seg inn i den vrange tru at ting varer evig – eller i beste fall lenge, lenge, lenge. Men motiva i mange av mine tema er svært kortvarige. For nokre år sidan fotograferte eg ein veg som smaug seg opp på ein bakketopp med tett skog inntil seg på begge sider. Opplevinga vart forsterka av regnet. Eg stod med paraply og stativ midt i vegen. Heldigvis var det lite trafikk. Kvar gong eg har køyrt same strekninga har eg fått litt av den same gode kjensla. For nokre dagar sidan var eg på tilfeldig gjennomreise. Eg kjende meg ikkje att, for skogen var felt og låg som ferdige tømmerlengder på kvar side av vegen. Så eg køyrde vidare heilt til det var eit eller anna som demra. Snudde bilen, og fann til slutt den staden der eg hadde stått med kamera første gongen.

Ikkje same kamera eller brennvidde no, men det spelar inga rolle.

Av slike grunnar oppsøkjer eg ofte same stadane gong etter gong. Det kan ha skjedd noko spennande sidan sist.