Uforståeleg

Dei er der, men blir sjeldan lagt merke til. Små skraper og bulkar i metallet på lastebilar og bygningar og kva det elles måtte vera. Oppstått utan intensjonar, kanskje berre følgd av eit bannord frå den som var så uheldig å få kontakt med noko han ikkje ønskte å få kontakt med. Så kjem fotografen i ettertid, snusar etter hieroglyffar og løynlege bodskapar. Er det noko av meining rissa inn her? Nei, det er ikkje det, men likevel spennande. Det er eit sekterisk avvik frå makrofotograferinga som tek seg av insekt og blomar. Og så får ein vera i fred for andre. Det må kjennast utrygt å nærma seg ein person som nærsynt glor på husvegger og lastebilar; dei kan jo finna på andre merkelege ting også.