Turist i Bergen, 2

I det førre blogginnlegget tok Roald Sundal med eit utdrag frå eit interju med ein fotostudent. Det var skræmande lesnad. Erling Kagge har skrive boka «Stillhet i støyens tid». Der viser han mellom anna til Ludwig Wittgensteins kjende utsegn: «Om det ein ikkje kan tala om, må ein teia», og «Det som kan visast kan ikkje seiast».

Dersom eit foto er så vanskeleg tilgjengeleg at det må følgjast av ein lang tekst eller tale, så er som oftast bortkasta på meg.

Kattane i Bergen finn du helst i dei gamle, tronge bydelane, som til dømes på Nordnes. Her blir katten tatt på alvor. Den svarte katten som sit over teksten CYK, ser ganske frisk ut. Ikkje veit eg kva ordet CYK tyder, og same kan det vera. Og ikkje aktar eg å finna ut om «Farlig katt» verkeleg er farleg. Eg vil ikkje risikera ein pelsdott med klør hengande om halsen.

Kattediktet til Olav H. Hauge fann eg for nokre månader sidan på ein skule i Ulvik, og så dukka det ganske nyleg opp på eit gamalt hus på Nordnes. Skulle teksten vera vanskeleg å lesa, så står det: «Katten sit i tunet når du kjem. Snakk litt med katten. Det er han som er varast i garden.»