Tønnespøk

For eit par dagar sidan la eg inn eit foto av fire tønner, tatt med analog, høg-ISO film. Det var – som den vakne betraktar truleg har oppdaga – tull og tøys. Biletet var gjort 'gamaldags' med eit par enkle grep i datamaskina. Originalopptaket ser du nedanfor.

Men spørsmålet reiser seg: Lar me oss blenda av alt som blir gjort med eit bilete etter opptak? Vert me blenda av form? Kan bodskapen bli borte dersom form blir sær? Me har trass alt noko me vil formidla. Ei bearbeiding kan skjula éi forteljing, men nye kan oppstå. Bearbeiding nesten til det ugjenkjennelege kan i beste fall få oss til å sjå klarare, men også opna for poesien og eventyret.

Mange av oss amatørar trur me serverer betraktaren bilete som ikkje er manipulerte, men gløymer lett all den tida me brukar på å finpussa eit opptak; gjera det etande for betraktaren. Massevis av uklare grenser her. Og det er bra. (Lagt inn av Olav Bjørkum)