Sontag

Fotografi er ikkje berre bilete på skjerm eller papir, mange har prøvd å filosofera seg fram til ei forståing av fenomenet gjennom tekstar. Susan Sontag (1933-2014) var ei de flinkaste i denne vanskelge øvinga. Essaysamlinga «On photography» kom ut i 1977. Den norske omsetjinga frå 2004 er no i nytt opplag.

Amerikanske Sontag er ikkje lett å setta i bås, ho var engasjert i mykje. Som venstreradikal feminst skreiv ho om menneskerettar, politikk, pornografi etc.. I 1973 byrja ho på ei, i ettertid, berømt essaysamling om fotografiet. Kansje inspirert av kjendisfotografen Anne Leibovitz, som ho budde saman med. 

Sontag prøver å forstå dei etiske og moralske problemstillingane som oppstår når ein er omgjeven av bilete på alle kanter. Dette var midten av syttitalet, før den digitale fotorevolusjonen, fototelefonen og alt anna. Mengda med fotografi har ikkje akkurat minka, og Sontag sine tankar er like relevante no som for førti år sidan.

Ho er kritsk til fotografiet i seg sjøl, og ser biletnarkomi og mental forureinsing som ei av skuggesidene ved biletflaumen. Sontag meiner oppfinninga av fotografiet gjer at me tolkar verda rundt oss på ein annan måte ein før. Mennesket har ei hang til det lettvinte, å sjå på bilete er enklare enn å lesa artiklar og bøker. Dei lange forteljingane som alltid som har vore ein del av menneskesslekta fell frå kvarandre, og vert delvis gløymde. Fotografiet i seg sjøl er berre små punkt av ei liksom-verkelegheit, og kan aldri gje dei store samanhengane. Det er det forteljande som kan gje. 

Eg har tenkt å la Sontag komma til orde i nokre blogginnlegg framover. Laga ein liten Sontag-følgjetong. Bileta er henta frå arkivet mitt, lausrivne, frå prosjekt som eg har bala med. Og er dermed det som ho meiner om fotografiet. Tilfeldig. Eller random, som ungdommane seier.