Styrmannen som veit alt

I slutten av mars reiste eg til Værlandet og Bulandet. På ferja frå Askvoll presenterte eg meg for styrmannen, med namn og hobby.

– Ja, det er du som skal fotografera venterom, gravminne og ferjereiser, konstaterte han.

Eg vart paff. Var mannen synsk?

– Eg hadde venta deg ein dag tidlegare, la han til.

Eg har korkje sett eller prata med mannen før. Bulandet er eit lite samfunn der alle snakkar med alle om det meste. Nokre dagar før eg reiste frå Stord hadde eg ein telefonsamtale med ein person på Bulandet, og det var nok.

Styrmannanen var hyggeleg. Han sat i sokkeleisten med føtene på instrumentbordet og styrde båten med ei lita raud kule på styrbord armlene. Turen var storarta. Sol frå skyfri himmel og stille hav. Eg fekk fylt på fleire av mine fototema. På turen attende brukte det offentlege ein heil time og ei stor ferje (»Eid») på å frakta meg og bilen som einaste reisande for ein latterleg billeg penge.

Eg kjem attende med fleire temainnslag frå turen. Denne gongen er temaet «Ferjereiser» og «Koselege venterom på norske ferjekaiar».

Øvre salong på MF «Eid» fungerer også som kunstgalleri. Kunstnaren denne gongen er Anita Søreide.

Venterommet på Værlandet. Ein skulle tru golvet er spesiallaga for den norsk VM-triumfen i sjakk. Eg skulle vore innom eit venterom til, men tida strekte ikkje til. Men det er all grunn til å vera nøgd med eitt venterom på ein tredagars tur Stord–Bulandet–Stord.