Sontag versus Arbus

 Meir om Susan Sontag og essaysamlinga «On photography». Denne gongen handlar det om fotokunstnaren Diane Arbus. Å få innblikk i Susan Sontag sine tankar og meiningar om denne spesielle fotografen er god lesing.

Diane Arbus var den mest notoriske av sekstitalets unge hippe amerikanske fotografer. Susan Sontag og Diane Arbus var begge fødde inn i velståande jødiske miljø i New York, og Arbus gjorde opprør mot det ho oppfatta var eit svært kjedeleg, konformt og beskyttande miljø. Sontag måtte ha følt eit åndeleg slektskap med fotografen som skulle bli ei av dei viktigaste kunstnarane i kampen dei unge amerikanske venstreliberale førde seint på sekstitalet for å omforma det amerikanske samfunnet. 

Arbus var besett av menneske med fysiske lyte. Alle som var annleis på ein eller annan måte. Kortvaksne, kjemper, transseksuelle, prostituerte, sirkusartistar, eller vanlege folk som hadde utsjåande mot seg på ein eller annan måte. Arbus hadde ei eiga evne til komma i kontakt med motiva sine, dei poserer naturleg keitete framfor kameraet. Det heile verkar uskuldig og naivt. Det unormale vert på ein urovekkande måte omgjort til det normale.

Sontag er i høgste grad ambivalent overfor Arbus sitt skrekkabinett, som ho kalla det. Til og med spebarn ser mentalt forstyrra ut, skriv ho. Arbus sine bilete er tolka som eit (vrenge)bilete på det amerikanske samfunnet. Men den humanistisk orienterte Sontag kritiserer Arbus. Ho meiner Arbus gjer dei fotograferte urett. Alle motiva er likestilte; husmødre, galningar, avvikarar, nudistar. Dommen vert for tung, skriv Sontag, og noterer at Arbus reduserer alle til innbyggarar av idiotlandsbyen Amerika. Eller som ho kryptisk skriv; i staden for å visa likskapen mellom dei som er ulike, viser Arbus alle fram som dei er heilt like.

Som om ikkje dette var nok skulda ho Arbus, og hennar likesinna for å svekka sensibiliteten til dei som iaktar slike bilete. Ei dyrking av det groteske og grusomme reduserer vår evne til å reagera i det verkelege liv. Og her brukar ho kveldens fjernsynskatastrofar og pornoindustrien som døme. 

Sontag kalla Arbus sine fotografier smertelege sjølportrett. Dei gjev inntrykk av ein person som har gått for langt og er ute av balanse. Sontag referer til ein gammal kunstnarmyte; Den som er overmodig nok til å tilbringa ein sesong i helvete, risikerar å ikkje koma ut igjen i live. Eller i det minste med mentale skader.

26.juli 1971 tok Diane Arbus livet av seg. Året etter hadde MoMA i New York ei stor retrospektiv utstilling. Utstillinga vart ein stor suksess, og Arbus vart for alvor kjend utanfor den snevre kunstnarkretsen i New York. I ettertid er ho blitt kanonisert og opphøgt til ein av de store fotografane i det tjuende århundre.