Sofaen

I dag vil eg gjerne få æra ein lite kjent fotosjanger. Sofabileta.

Sofabileta er gode minne frå oppveksten. Det var bilete av familiemedlemmer, eller gjester, tatt i sofaen, helst i finstova. Mor var ofte fotografen. Det var ei aning høgtidsstemning over seansen. Bileta var sitjande halvportretter, tatt rett mot med blits. Enkelt og greit. Framkalling og film var dyrt, ei eksponering var nok. Visst nokon hadde blinka vart det tatt eit nytt bilete.

Kameraet var eit 35mm Kodak Instamatic med kube-blits. Eit enkelt og billeg plastkamera som laga kvadratiske foto. De fleste av bileta frå min ungdom på syttitalet har eldast fint. Fargane har drege seg mot det raude og vorte mjuke og varme. Mykje finare enn nyprinta digitale bilete, eller instagramfiltera som prøver å etterlikna desse gamle fargefotografia. Instamatic-kameraet som me hadde har eg fått tatt hand om, det høyrer med tre ubrukte kube-blits, enno i orginalpakninga.

Sofabileta våre var ærlege og utan baktankar. Dei vart tatt berre med eitt formål; å ha eit minne om ein kjær person i eit fotoalbum.  Djupe tankar og filosofisk dveling om fotografiet i seg sjølv var sjølvsagt ukjent.

Eg saknar denne enkle og naturlege måten å fotografera på. Etter lenge å ha virra rundt i eit kaotisk fotounivers kjenner eg no trongen til å ta sofabilder. Prøva få fram det ærlege og naive. Dette er sikkert tankar mange ambisiøse og avanserte fotografar fnys av, og det likar eg.