Presset

Det hender eg kjenner presset – også frå meg sjølv – til å ta bilete med djup meining, eller arbeida i seriar som gjev endå djupare meining. Ha eit konsept eller prosjekt eller kva det no kallast for at ein skal ha von om aksept. Då kjem det ein reaksjon: Ver ein fri fotograf! Eg har sans for dei som arbeider målmedvite, kanskje over fleire år med tema eller sjangrar som resulterer i bøker eller solide utstillingar. Eg har også stor sans for å sitja lenge på ein benk og berre sjå meg om, kanskje ved ein stor parkeringsplass ved eit handlesenter når butikkane er stengde. Det er ikkje noko som er så daudt som ein slik plass etter handletid. Det endar kanskje med nokre bilete som ikkje har noko med kvarandre å gjera og som ikkje kan puttast i bås. Eg luskar rundt motiva, vurderer ulike angrepsvinklar og kamerainnstillingar, og så får det bli som det blir. På det første biletet har eg ein grå himmel i bakgrunnen; tordenskyer. Når eg snur meg 180 grader har eg ein kvit skyformasjon og blå himmel framfor meg. Kan nokon forklara korleis ein slik formasjon har så klart avgrensa konturar og ikkje flyt utover – det er då berre vassdamp som svevar fritt i atmosfæren? Eg vil byrja med skyer som tema. Det er nesten nede på same nivå som solnedgangar, men la gå.