Pause

Glenn Gould var ein av dei store pianistane i si tid. Fullsette konsertsalar, stormande applaus. Midt på 60-talet orka han ikkje meir applaus. Det var støy tilført som eit slags crescendo etter at siste tangent var trykt ned, og kanskje ein slags massepsykose: dei andre klappar, då må eg òg.

Gould slutta heilt med konsertar. I staden spelte han musikken inn på plater, slik at den enkelte kunne lytta til musikken når han ville, og utan å klappa.

Det er litt verre med fotografiet. Bileta våre kan ikkje spelast inn på plate. Me synest å vera avhengige av applausen, sjølv om han berre kjem glimtvis og i små mengder. Difor bloggar eg, endå eg veit at eg ikkje når fram til så mange. Eg var frimodig nok til å spørja ein kaféeigar om lov til å stilla ut, og fekk ja. Kanskje eg spør fleire kaféeigarar. Både eit ja og eit nei er til å bera. Målet er også å laga nokre bøker når desembersjauen er over.

Frå no av vert det ikkje fleire blogginnlegg frå meg før seint på våren.

Bileta i dag er frå mine isvandringar i dagane rett etter frosten kom. Det er ei stille glede ved det å gå på isjakt, å oppdaga variasjonar og den stille musikken i naturens eigne komposisjonar. Her er ingen intenderte konsept eller problematisering av samfunnsforhold. Eg kom heim med tolv motiv eg var nøgd med. Tre av dei får vera nok denne gongen.